Bokåret 2016

Dette året har eg lese ein god del bøker, før jol hadde eg lese alle Harry Potter-bøkene, inkludert det nyaste teaterstykket. Det var fint å få gå attende til den verda og leva seg inn i henne. Eg har rekna meg fram til at det er kring åtte år sidan sist. Altfor lenge! Eg saknar … More Bokåret 2016

Nokre kveldstankar

Eg sit no her føre maskina, klokka er nærmare tre om natta. Eg har nett lese ein bråte sider frå Harry Potter og Dødstalismanene. Eg nærmar meg altso slutten på soga av serien eg har lese so mange gonger før. Eg tenkjer eg moglegvis burde ha skrive eit innlegg om turen til London for tre veker sidan. … More Nokre kveldstankar

Lesarbrev: Verksemder i Herøy må bruke nynorsk

I dag, 22. april, kom eg på prent i lokalavisa heime, Vestlandsnytt: For eitt år sidan kunne me lese at Thon Hotel Fosnavåg var tenkte å gå over til nynorsk, etter oppmoding frå fleire i lokalsamfunnet. Det kom samstundes med at Thon Hotel Jølster ogso arbeidde med å få løyve av leiinga til å nytte … More Lesarbrev: Verksemder i Herøy må bruke nynorsk

Kommunesamanslåingar – Herøy kommune, Møre og Romsdal

Eg tenkte eg skulle skrive eit innlegg i høve ordskiftet om kommunesamanslåing. No har det seg slik at heimkommunen min, Herøy, skal ha folkerøysting 19. mai. Ved denne røystinga kan ein krysse av på eitt (og berre eitt) av totalt fire alternativ, anten ein ynskjer at Herøy skal slå seg ihop med Sande kommune, eller kommunane … More Kommunesamanslåingar – Herøy kommune, Møre og Romsdal

Revolusjonane i 1848 og ein samtale mellom to bønder

I 1848 var det ei rekkje omveltingar kringom i Europa, som fylgje av eit ynske om eit mindre totalitært styre. Det heile byrja i  Paris i februar, og spreidde seg raskt til grannelanda. Desse omveltingane sette spor etter seg i litteraturen ogso, både i eiga samtid og seinare. I eit skodespel av Jens Bjørneboe frå … More Revolusjonane i 1848 og ein samtale mellom to bønder