Nokre kveldstankar

Eg sit no her føre maskina, klokka er nærmare tre om natta. Eg har nett lese ein bråte sider frå Harry Potter og Dødstalismanene. Eg nærmar meg altso slutten på soga av serien eg har lese so mange gonger før. Eg tenkjer eg moglegvis burde ha skrive eit innlegg om turen til London for tre veker sidan. … More Nokre kveldstankar

Studentnyhende!

For ei tid sidan, la eg ut nyhende om at eg skulle take frie studiepoeng i nordisk. Men eg fann ut at eg likte meg svært godt på nordisk, og at det moglegvis var noko eg kunne tenkt meg å take mastegrad i. So eg slengde difor inn ein søknad, innan søknadsfristen 1. november, om … More Studentnyhende!

Litt nyhende

Eg tenkte eg skulle koma med litt nyhende åt dokker! I august etter eg kom attende til Bergen og tok til på eit nytt semester, vart det klårt at eg skulle ta nokre frie studiepoeng i bachelorgrada mi i historie, og det vil seia noko anna enn historie. Eg enda opp med å ta årsstudium … More Litt nyhende

Litt planar framover

Nett no held eg på med oppgåveskriving, den aller siste oppgåva på historie, før frie poeng i bachelorgrada til hausten. Eg analyserer myntar frå den franske revolusjonen og vidare inn i Napoleons keisardøme, og eg skal mellom anna finne ut kva historiske hendingar han prøvde å kople seg til. I dag held eg meg på … More Litt planar framover

Ei annsam tid

Eg sit no og skriv på bacheloroppgåva – natt til laurdag, fristen nærmar seg altfor fort! Måndag klokka 13 er tida det skal inn, vonleg får eg levert litt før det. Eg er snart ferdig med det meste utanom konklusjonen, likevel skulle eg ynskt at eg hadde betre tid! Samstundes skal det verte godt å … More Ei annsam tid