Gledeleg jol!

I dag er fjerde sundag i adventi. No hev det seg soleis at eg endå ein gong gjerne vil dela eit joleevangelium.

Litt um bibelumsetjingar frå reformasjonen til 20. hundradåret

Etter reformasjonen var det slik at dei fleste måli fekk si eigi umsetjing av Bibelen. Noreg var, som me veit, del av Danmark-Noreg. Det gamalnorske målet hadde etter kvart gjenge or bruk. So den teksti som ein laut halda seg til i Noreg, var på dansk.

Islendingane fekk allereide i 1584 heile Bibelen på islandsk, Guðbrandsbiblía er han kjend som. Der var båe testamenti og apokryfane med. Den danske Reformasjonsbibelen kom i 1550 som Christian IIIs Bibel. Han er interessant lesnad når ein kann sjå på den store avstanden som er til dagsens norsk (og den endå større avstanden som var til norsken i dåtidi). Svenskane fekk ogso ein bibel på denne tidi, Gustav Vasas Bibel frå 1540–1541.

Av dei nordgermanske måli var det berre norsk og færøysk som vanta eigen bibel på heimleg mål i tidi etter reformasjonen. Kyrkjelyden Brøðrasamkoman, som stend utanum Fólkakirkjan, kom med si umsetjing i 1949 (dette er ein revidert versjon frå 1974). Medan den «offisielle» Bíblian kom i 1961.

Den fyrste bibelen på norsk kom i 1921, det var Studentmållaget (i Oslo) som stod for utgjevingi då. Han vert gjerne kalla Fyrebilsbibelen eller Studentmållagsbibelen. Det er mogeleg å lesa honom anten i ein arkivert versjon av sidone åt SmiO, hjå Stepbible (funkar ikkje like godt i alle nettlesarar) eller med Databibelen frå Sigvesaker. Nyleg bad eg Nasjonalbiblioteket opna den skanna utgåva, og det ser det ut til dei hev gjort. Allkunne skriv interessant um honom, millom anna at han fylgjer 1901-rettskrivingi – Gustav Indrebø tok korrekturen.

Dette er joleevangeliet frå 1921:

Joleevangeliet
Skjermbilete frå Nasjonalbiblioteket. Joleevangeliet er 1.–20. vers i kap. 2 i Lukas.

Dei litt nerdute tingi ein kann leggja merke til, er at umsetjingi skil millom dei og deim og han og honom. Elles er det r i fleirtal i bundi form, som «i dei dagarne«. I dei digitale utgåvone stend det å for aa, noko det godt kunne stade i sjølve bibelen ogso. Å-en kom inn i norsk med rettskrivingsreformi  i 1917.

Litt sluttmerknader

Ei onnor forvitneleg utgåva av Bibelen på nynorsk er Indrebøbibelen frå 1938, som er ei revidert utgåva av fyrebilsbibelen (hjå Bibel.no) (eller i skanna utgåve hjå Nasjonalbiblioteket), denne fylgde for det meste 1917-rettskrivingi, endå um ny rettskriving kom same året. Her var Ragnvald Indrebø, bror åt Gustav, sentral i arbeidet, les gjerne Allkunne-artikkelen um nynorske bibelumsetjingar.

Ein sluttmerknad kann vera at den nynorske bibelen vart fullførd i 2018: Det var fyrst då me fekk ei eigi umsetjing av apokryfane til nynorsk. Dette er millom nye og gamle testamenti på sett og vis, det er viktigare for katolikkar enn protestantar, men tekstene der skal nok likevel vera verde å lesa.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s