Joleevangeliet i omsetjing ved Kristofer Janson

I dag er fyrste sundag i advent, so eg vil ynskja alle ei god og fredeleg adventstid!
Tidlegare år har eg delt éin versjon av joleevangeliet her på fjesboki kring joletider. No gjer eg det soleis at eg deler ein ny versjon kvar sundag i advent, både her på bloggen og på fjesboki mi.

Dette evangeliet er frå ei preikebok «Tri Preikor fyre det norske Landsfolket» av Kristofer Janson frå 1869, det er dimed ei av dei eldste omsetjingane av evangeliet til norsk. I sjølve preikeboki står det at det er Lukas 2.1–15, men etter samanlikning med nyare biblar, må det vera 1–14 (ofte vil ein halda på heilt til 20). Det er ein interessant Allkunne-artikkel om Janson – der ein mellom anna kan lesa at han var unitarist.

 

Men det hende i det Bilet, at det kom Bod fraa
Keisar Augustus, at all Heimen skulde skrivast. Denne
fyrste Innskriving vardt, daa Kvirinus var Hovding yver Syria.
Og alle gingo dei til at lata seg skriva, kvar
til sin eigen Stad. So foor og Josef fraa Galilæa or
Staden Nasaret upp til Judæa til Davids Stad, som
heiter Betlehem, med di han var av Davids Hus og Ætt,
og skulde skrivast med Maria, Festarkona si, som var
med Barn. Men det bar til, medan dei vaaro der, at
Dagarne fullendadst, daa ho skulde føda, og ho fødde Son
sin, den fyrstefødde, og lindad honom og lagde honom i
ei Krubba, for det var inkje Rom aat deim i Herbyrget.
Og i same Bygdi var det Hyrdingar, som vakte ute um
Natti yver Fenaden sin, og sjaa – Herrens Engel stod
hjaa deim, og Herrens Ljoske skjein i Kring um deim, og
dei ottadst storlega. Og Engelen sagde til deim: «ottest
inkje, for sjaa, eg kunngjerer dykker ei stor Gleda, som
skal vera fyre alt Folket, for i Dag er det i Davids Stad
født dykker ein Frelsar, som er Kristus, Herren. Og detta
skal vera dykker Teiknet, de skulo finna eit Smaabarn
lindat liggjande i ei Krubba.» Og braadt vardt det hjaa
Engelen ei himmelsk Hermengd, som lovad Gud og sagde:
«Æra vere Gud i Høgdi og Fred paa Jordi og Godtokke
yver Menneskja.»


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s