Lesarbrev på prent om Norsk Ordbok

I Dag og Tid nr. 44 frå 2. november hadde eg eit lesarbrev på prent om Norsk Ordbok:

Norsk Ordbok på nett

Eg registrerer at Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet fekk løyvt to millionar i framlegget til statsbudsjett. Det er sjølvsagt bra at ordbokprosjektet får pengar frå staten no, for me bør få heile ordboka tilgjengeleg og oppdatert på nett. Men slik eg skjønar det, so er det enno ei stund til at me kan venta at a til i kjem på veven i den digitale ordboka (no har me i–åværig). Slik stoda er no, ligg det faktisk skanningar av dei to fyrste banda ute på Nasjonalbiblioteket (NB), band tre og delar av fire ligg der i form av hefte. So då kan ein nytta Norsk Ordbok på nett frå a til grøntanlegg og i til åværig.

Kunne ein for å gjera det meir lettvint, fram til nettordboka vert oppdatert og à jour, lata NB leggja ut skanna versjonar av dei banda som manglar? Det er sjølvsagt ikkje noka god løysing i lengda, men det vil gjera det lettare å nytta seg av ordboka. På sikt bør sjølvsagt alt koma samla i ei nettordbok og i ein app, à la Den Danske Ordbog. Det er nok fyrst då ordboka vert verkeleg godt tilgjengeleg og mange fleire får glede av å bruka henne.

 

Håkon Remøy

Masterstudent i nordisk språkvitskap ved UiB

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s