Nordkurs på Færøyane

Denne sumaren var eg tre veker på Nordkurs på Færøyane, frå 5.–26. juni. Eg kan med eitt seia at det var ei god oppleving. Eg vart kjend med mange nye folk – og ikkje minst fekk eg høve til å prøva å læra meg eit anna språk. Frå 9 om morgonane til 15 på ettermiddagane var det undervising, men elles fekk ein høve til å sjå og gjera mykje.

Her er litt bilete frå innflyginga til Vágar:

Eg skal vera på Færøyane dei neste tre vekene, steik det er flott her!

A post shared by Håkon Remøy (@hakonremoy) on

Med dette synet hadde eg store voner for kva som venta meg.

Det var mykje finevêr, og me fekk mellom anna ein tur til Vestmannabjørgini, nokre fuglefjell utan altfor mange fuglar …

Det fyrste biletet er forresten teke rett utanføre Fróðskaparsetur Føroya – Føroyamálsdeildin (altso ved avdelinga for færøysk språk og litteratur ved det færøyske universitetet).

Eg fekk oppleva litt av kvart av færøysk kultur, mellom anna grindadráp. Førre gongen det hende i Tórshavn var i 2015, so me var heldige som fekk med oss dette. Det ser kanskje litt makabert ut, men kvalane vart avliva snøgt.

I dag fekk me oppleva grindadráp på nært hald. Dette gjekk føre seg rett nedanføre folkehøgskulen me bur på.

A post shared by Håkon Remøy (@hakonremoy) on

Me fór alle i hop på tur til Mykines, denne turen var ikkje i regi av Nordkurs, likevel kom alle med. Mykines er den vestlegaste av Færøyane. Her er det berre kring 15 fastbuande – desse har om sumaren båtsamband to gonger om dagen, om vetteren er det elles helikopter eit par gonger i veka. Det vart ein flott, gaida fjelltur, med ein tur på den lokale kafeen etterpå. Eg har diverre ikkje bilete av «Pylsa í breyð», det interessante der var at det var pylse og brød – kvar for seg.

Mesteparten av tida gjekk likevel med i Tórshavn – der hadde dei koselege benker og fine pubar. Irish pub (som eg heller ikkje har bilete frå) var ein stad somme av oss ofte var og åt – maten og ølet fanst til ein grei pris.

Her om dagen fann eg meg ein benk i sentrum av Tórshavn.

A post shared by Håkon Remøy (@hakonremoy) on

Eg kan seia ein ting med ein gong: Eg skal attende til Færøyane fleire gonger. Eit flottare land skal ein leita lenge etter. Eg er glad for at eg fekk fara og for at eg fekk verta kjend med nye folk. Til neste gong vil eg endå ein gong setja meg ned med grammatikken og vonleg læra meg litt meir færøysk. Men i haust ventar eit anna eventyr: Då flytter eg til Island.

Håkon

Advertisements

2 thoughts on “Nordkurs på Færøyane

    1. Det var no mykje gaman i å berre vera der. Det var eit land eg aldri hadde vitja før, so å få høve til å læra litt om eit anna mål var no veldig spanande. Eg vil nok likevel seia at det mest spanande var å få møta nye folk frå andre nordiske land. (Kan ogso nemna at det var smått skummelt å tala færøysk når ein skulle kjøpa mat …)

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s