Ein trongare nynorsk?

Eg tenkte at eg skulle skriva litt om tankane mine om denne nye ordlista som kjem ut i desse dagane, som ein nyleg kunne lesa om på Framtida. I denne ordlista skal ein berre ha med dei høgfrekvente bøyingane og skrivemåtane. No veit dei fleste at eg ikkje nett skriv ein nynorsk som er av det mest frekvente slaget, det vil likevel ikkje seia at eg er imot dei som nyttar andre skriftspråkformer; det eg er imot, er at visse forlag og andre berre syner fram ein type nynorsk.

Dei fremjar det dei kallar ein «midtlinjenormal», med di vil dei velja vekk j-ane der dei kan, og y vert skift ut med ø der det er mogleg. E-infinitiven råder og ein lyt skriva gi, tenker, ønsker, bruker og maskinen. Til gjengjeld er det kome og tek som gjeld, ikkje komme og tar, so dei har eit alibi på at dei ikkje berre prøver å laga ein nynorsk som står nærast mogleg bokmålet.

Likevel er eg samd i det Helge Sandøy seier i artikkelen på Framtida, dette går imot den nynorske idéen. Vidare ser forfattarane føre seg at ordlista deira ogso kan brukast «som husnorm i etatar og verksemder», vil det seia at me som alt kan nynorsk, kan verta tvungne til å fylgja denne norma om ein får jobb i eine eller hin etaten?

No ser eg ikkje heilt korleis det skal verta lettare å skriva rett nynorsk, berre han er smal nok. Eg meiner at ein skal hjelpa alle til å finna seg sin eigen nynorske identitet, og det gjer ein ikkje ved å gjeva ut ei «Enkel nynorsk ordliste», om noko bør ein syna fram det vesle som er att av valfridom etter 2012. Noko anna vil vera ei bjørnetenste for nynorsken (då meiner eg ikkje ei stor teneste).

Eg tykkjer at Samlaget kunne heller ha prioritert pengar og ressursar på å koma med ei femte utgåve av Nynorskordboka. Og mest av alt vonar eg at denne ordlista ikkje får nokon innverknad på norma.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s