Kommunesamanslåing el. Det nye namnet

No er det snart tid att for nok ei folkerøysting om kommunesamanslåing. Eg lyt ogso snart finne ut av kva eg vil røyste for, sidan eg må gjere det per brev. Eg merkar at det vert veldig vanskeleg å røyste «ja» til kommunesamanslåing, når ein mogleg konsekvens er kommunenamnet «Havøy». Eg hadde eit lesarbrev på prent i Vestlandsnytt for kring ein månad sidan, og eg trur det høver seg å drage det fram att no:

Kommunenamn
Etter at folket nyleg sa nei til kommunesamanslåing, fekk me likevel no sjå ein intensjonsavtale for Herøy og Sande kommune som éin kommune. I denne avtalen kunne ein lese at namnet ein arbeidde med var ”Havøy”.

Herøy og Sande som ein kommune er ikkje beint fram utenkjeleg. Fram til 1867 var desse kommunane éin, då med namnet Herøy, før Sande so skilde seg ut. Det lettaste ville difor vere å gå attende til namnet før oppdelinga, men problemet er at Herøy i dag ikkje er dekkjande for dåtidas Herøy. Ein bør difor gå inn for, om det skulle verte samanslåing, Herøy og Sande kommune. Noko anna vil ikkje vere passande.

Grunnen til at eg mislikar ”Havøy”, har mykje å gjere med at namnet ikkje seier oss noko som helst. For det fyrste er det ikkje berre éi øy, det er fleire – det ville difor vore rettare med ”Havøyane”. For det andre er det ikkje noko særeige med ei øy i havet. Færøyane har til dømes fått namnet sitt frå dei mange sauene på øyane (”Fårøyane”).

Skal ein gje namn på ei øygruppe eller ein øykommune, bør ein gje eit namn som allereie finst. Herøy kommune har namnet sitt frå ei einskild øy, som var viktig før i tida.
For det tredje er innbyggjarnamna herøyværing og sandssokning godt innarbeidde, og folk brukar desse til å presentere seg. Vil nokon kalle seg ”havøying”, skal tru?

Ein bør take vare på desse identitetsmarkørane, det skal ikkje vere naudsynt å finne opp krutet på nytt. Difor bør ein samanslegen kommune få namnet Herøy og Sande. So kan me halde fram med å vere anten herøyværingar eller sandssokningar.

Håkon Remøy

remøyværing, herøyværing og nordiskstudent

2017-01-24-13-26-40
Slik ser røystesetelen ut.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s