Bokåret 2016

Dette året har eg lese ein god del bøker, før jol hadde eg lese alle Harry Potter-bøkene, inkludert det nyaste teaterstykket. Det var fint å få gå attende til den verda og leva seg inn i henne. Eg har rekna meg fram til at det er kring åtte år sidan sist. Altfor lenge! Eg saknar framleis nynorsk utgåve av bøkene.

Etter å ha lese bøkene vart eg inspirert, men sidan det diverre er lite tid til anna enn faglitteratur når ein er student, so laut fleire bøker venta til jola. No hadde eg sant nok eit litteraturemne på våren 2016, men den eldre litteraturen vekte ikkje lesehugen.

Denne jola byrja eg med ei bok eg hadde vunne på lodd hjå Målungdomen, nemleg Kjønn og ukjønn av Kristin Fridtun. Det var interessant å lesa både om kjønnsteoriar, ordhistorie og anna. Eg fekk eit innblikk i korleis ordet kjønn hadde utvikla seg. Det opna opp tankane mine for at andre ord kan ha skift meining over tid. Dessutan får ein innsyn i korleis det kan vera å ikkje vera eitt med dei kjønnsnormene som samfunnet set. Særs interessant lesnad – ein bør på ingen måte verta skremd vekk av ordet kjønn.

Elles skal det nemnast at Kristin skriv særs godt, hen skriv dessutan me og nyttar a-infinitiv. Det er noko ein diverre ikkje ser so mykje av i bøker som er komne ut på Samlaget. Hen er dessutan språkleg konsekvent, noko som langt frå alle forfattarar er!

Ei anna bok eg har lese i jola, er Draumen om Catalonia – Katalansk identitet i historisk lys av Johannes Nymark. Her får ein eit litt anna innsyn i Catalonia enn korleis det vert synt fram i media. Det er dessutan ein draum for dei som anten er fotballinteresserte eller om ein held på med språkpolitikk.

Den aller siste boka eg kom meg gjennom i år, var Frihet, likhet, Island av Mímir Kristjánsson. Denne las eg ut klokka 21.42 den 31. desember. Ei interessant bok om då han flytte til Island etter å ha butt i Noreg heile livet. Eg fekk læra mykje om det islandske samfunnet og krisene der, som for meg ikkje var so særleg kjende. Mímir var dessutan dyktig i å draga inn sitat frå islandske forfattarar – mange som eg kanskje bør sjekka ut når eg har litt meir kontroll på islandsken. Og no veit eg kvar eg lyt fara for å eta pylse i Reykjavík.

Elles held eg på med Mi briljante venninne av Elena Ferrante. Eg har berre lese nokre få sider, so eg får heller skriva noko meir seinare.

Stutt oppsummert kan ein vel seia at det er heller lite skjønnlitteratur på meg, og kan henda eg bør bøta på det – enn so lenge les eg litteratur som verkar interessant. Det kan vera at eg kjem til å leggja ut eitt og hitt innlegg framover av kva eg les og slikt.

Håkon

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s