Høyringsinnspel om Vestlandsregionen

Eg har nyleg sendt inn høyringssvar til dei tre fylka som utgjer Vestlandsregionen. Eg tenkte at det høver seg fint å leggja dei ut her. Fritsten er gått ut i Sogn og Fjordane og Rogaland, medan fristen er i morgon (30. november) for Hordaland, so det er berre å seia meininga si! Send høyringssvar til hfk@hfk.no

Til Song og Fjordane heldt eg meg nokso stutt:

Sogn og Fjordane er i dag særs viktig for nynorsken, ikkje berre lokalt, men òg nasjonalt. Difor kan ikkje Sogn og Fjordane akseptera ei avtale utan nynorsk som administrasjonsspråk.

Resten av høyringssvara til Sogn og Fjordane finn ein her.

Til Hordaland vart ikkje svaret fullt so stutt:

 

Berre nynorsk er godt nok for Vestlandet

Skulle det verta ei samanslåing av noko slag, må det vera ei sjølvfylgje at nynorsken vert administrasjonsspråket, og at han vert nytta av staten i kommunikasjon med storfylket. Hordaland kan ikkje tillata seg å vera med på å svekkja nynorsken.

 

Sjølv kjem eg frå Herøy kommune på Sunnmøre, der stend nynorsken sterkt. Han er administrasjonsmål i både fylket og kommunen, og eg hadde nynorsk gjennom heile skulegangen. Eg vart aldri spurd om eg ville byta skriftspråk, det var ikkje aktuelt. Eg såg at nynorsken hadde ein viktig posisjon i heimområdet, og eg kjende meg trygg som nynorskbrukar. Slik bør det eventuelle vestlandsfylket ogso vera, viss ikkje bør det ikkje eksistera.

 

Å ha nynorsk som administrasjonsmål er ikkje berre eit lokalt ansvar, slik eg ser det, men ogso eit nasjonalt ansvar. Det vil vera ei solid forankring av nynorskens posisjon som offisielt språk i Noreg, dersom han får vera administrasjonsspråk i regionen.

 

Nynorsken treng altso eit område der han stend sterkt, det gjer han i dag på Vestlandet. Det vil difor påverka jamstillinga mellom nynorsk og bokmål dersom nynorsken ikkje vert administrasjonsmål. Det kan likevel verta ei styrking dersom nøytrale Rogaland vert med i eit større nynorskfylke.

 

Hordaland er i dag ein viktig nynorskaktør, og bør so absolutt vera det i framtida ogso. Eg meiner difor at ein eventuell Vestlandsregion skal definera seg som ein nynorskaktør, og med det innføra språkreglane som er lagde fram av Nynorsk kultursentrum, på den måten vernar ein om dei språklege rettane åt både nynorsk- og bokmålsbrukarane.

 

Beste helsing,

Håkon Remøy

Sunnmøring busett i Bergen

Høyringssvara til Hordaland kan lesast her.

 

Medan med Rogaland laut eg ha ein litt annan innfallsvinkel:

Sogn og Fjordane og Hordaland er i dag viktige nynorskfylke, og desse områda må vera det i framtida ogso. Dersom Rogaland skal inn i ein region med desse, må valet vera sjølvsagt: nynorsk.

Eg vil difor at ein eventuell Vestlandsregion skal ha nynorsk som administrasjonsspråk, og at Vestlandsregionen skal krevja nynorsk i skriv frå staten. Både dette og språklege rettar åt bokmåls- og nynorskbrukarar får ein ved å vedtaka språkreglane lagde fram av Nynorsk kultursentrum.

Beste helsing,

Håkon Remøy

Alle høyringssvara kan lesast her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s