Sumarferie og slikt

Fredag 27. mai hadde eg siste eksamen for semesteret, hin hadde eg på onsdagen – det vart med andre ord snøgt gjennomført. Den eg hadde på fredag er vonleg den siste eg nokon gong kjem til å ha i nordisk litteratur.

Sjølv om det er neste éi veke sidan eg fekk ferie, er eg enno i Bergen. Eg meiner det ogso er viktig å nyta litt ferie i den flottaste byen i Noreg, ikkje berre vera student. Dei siste dagane har eg mellom anna vore på kino og vore sosial. I dag, torsdag, skal eg fara på Ad Fontes på eksamensfest for nordiskstudentar. Eg tenkjer det vert kjekt å møta litt av dei hine studentane. Kan henda eg ogso skal høyra litt om dei har tips til gode emne eg kan taka neste semester, sjølv om eg meir eller mindre har funne ut kva eg vil gjera.

Det vert i alle fall mykje ferie på meg i sumar, eg får ikkje byrja arbeida før 4. juli. Budsjettet vert nok strammare, men det skal nok gå fint. Det vert jammen det godt med éin månads ferie, med Elton John-konsert som høgdepunkt, 30. juni. No for tida prøver eg å lesa Ringdrotten, ei bok eg har prøvt å finna tid til ei stund. No får me sjå kor snøgt eg pløyer gjennom boka.

So er det store spørsmålet om kva eg skal gjera neste semester. Eg kunne ha søkt meg inn på ein master i til dømes nynorsk skriftkultur, men eg fann ut at eg heller vil ha ei grad i nordisk. Difor skal eg skriva ei bacheloroppgåve. Eg lurer på å skriva om namnegransking, men me får sjå. Attåt tenkjer eg å taka islandsk grammatikk og fonetikk. Eg trur det vil vera midt i blinken for meg. Eg held dessutan på med islandskkurs på Icelandic Online for tida, då eg vil sikra meg eit godt nok grunnlag til å kunna taka det utvekslingssemesteret hausten 2017.

Håkon R

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s