Lesarbrev: Verksemder i Herøy må bruke nynorsk

I dag, 22. april, kom eg på prent i lokalavisa heime, Vestlandsnytt:

Lesarbrev om Thon Hotel Fosnavåg

For eitt år sidan kunne me lese at Thon Hotel Fosnavåg var tenkte å gå over til nynorsk, etter oppmoding frå fleire i lokalsamfunnet. Det kom samstundes med at Thon Hotel Jølster ogso arbeidde med å få løyve av leiinga til å nytte nynorsk.

Frå 1. mai 2015 skulle hotellet i Fosnavåg gå over til nynorsk i brosjyrar og menyar, men ikkje på Facebook før etter litt meir tid, ifylgje Gunther Dahler sin uttale til Herøynytt: «Vi er einige med mållaget om å bruke litt meir tid på det. Vi er fleire som administrerer den. Det er betre å ha den på bokmål inntil vi kan gå konsekvent ut med nynorsk».

No har eg sett svært mange annonsar frå den kanten, ikkje éin einaste er på nynorsk. Annonsar skal på det jamne vere nokso greie å få til eit konsekvent språk i, då det ikkje er so veldig spontant. Desse brosjyrane er heller ikkje gode å finne på nettet, men der står det: «Sollia er det høyeste fjellet i Herøy». Det er heller ikkje nynorsk på Facebook, sjølv om det har gått eitt år, og ein skulle ha hatt god tid til å lage ein språkbruksplan for nynorsken ved hotellet. Thon Hotel Jølster nyttar derimot nynorsk på sidene sine, og det verkar ikkje å vere noko problem for dei.

Ikkje berre hotellet, men ogso kinoen og konserthuset, som held til i same bygningen, nyttar svært mykje bokmål på Facebook og elles, det er for gale, særleg når desse er kommunale.

Eg tykkjer at for noko sopass sentralt som hotell og kulturtilbod i lokalsamfunnet vårt, der kommunen vår har hatt tradisjon med nynorsk i over hundre år, burde det ikkje vere noko spørsmål om kva språk ein vil marknadsføre seg på. For nynorsken er ein sentral del av identiteten som herøyværing og sunnmøring, og han er verd å take vare på.

Difor vil eg oppmode Thon Hotel Fosnavåg om å kome i gang med å nytte nynorsk med det same, og om at kinoen og konserthuset sluttar å nytte bokmål. Det er slett ikkje farleg om ein gjer litt feil no og då.

Håkon Remøy

Landsstyremedlem i Norsk Målungdom

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s