Kommunesamanslåingar – Herøy kommune, Møre og Romsdal

Eg tenkte eg skulle skrive eit innlegg i høve ordskiftet om kommunesamanslåing. No har det seg slik at heimkommunen min, Herøy, skal ha folkerøysting 19. mai. Ved denne røystinga kan ein krysse av på eitt (og berre eitt) av totalt fire alternativ, anten ein ynskjer at Herøy skal slå seg ihop med Sande kommune, eller kommunane Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven. Attåt desse to alternativa, so kan ein ogso røyste imot samanslåing eller blankt.

Valproblem

Eg ser nokre problem eg nesten lyt påpeike: For det fyrste er røystinga dårleg lagd opp: Ein kan berre røyste på eitt alternativ. Problemet her er om ein til dømes er for ei samanslåing med Sande kommune, men at ein heller vil Herøy skal stå åleine enn å slå seg saman med dei hine kommunane. Det er noko ein burde kunne få det fram på røystesetelen. Ein burde altso få høve til å røyste primært og sekundært. Korleis skal ein til dømes tolke valresultatet, om det vert om lag 26 % for samanslåing med berre Sande, og det same for dei hine kommunane, og siste 48 % imot. Skal ein tolke det som ei røysting for samanslåing? Kan ein då take på seg ordet for at ein har tommel opp frå folket om å gå inn i forhandlingar?  Og vil kommuen berre gå inn for samanslåing med Sande, og er det noko ein då har 52 % tilslutnad for?

Avstandar

Ein vanske ein vil ha med å slå saman svært mange kommunar, er at korkje politikarane eller veljarane har eit altfor klårt oversyn over heile kommunen, og kva som trengst andre stader. Ein kan til dømes take Vanylven, skal ein kome seg dit, lyt ein take ferje. Det er med andre ord ein stad som ikkje er heilt innanføre dei noverande øykommunane, som no alle er knytte saman med bruer. Ein kan dimed ikkje vente seg at folk i Herøy, Ulstein og Hareid alltid ser kva som trengst der, då det er langt vekke, og ein ikkje er kjend i Vanylven. Kven skal avgjere om nokon der skal få byggjeløyve eller ikkje?

Ein ser då tendensar i dagens Sande kommune, som ikkje akkurat er enorm i folketal, med sine 2635 innbyggjarar. Kommunen har øyane Kvamsøya og Sandsøya. Ein lyt fare med ferje frå kommunesenteret for å kome seg til desse, ei ferje som ikkje går altfor ofte. Når ein ser listene som stiller til val i Sande kommune, so plar det alltid vere ei eiga øyliste. Det kan tenkjast at dei som bur andre stader i kommunen ikkje har same innsynet i levemåten og trongen åt dei som bur lengre ute i havgapet.

Bibliotek og lokalavis

No har me fleire lokalaviser innanføre desse fem kommunane. Vestlandsnytt dekkjer Herøy og Sande, medan Vikebladet dekkjer Ulstein og Hareid, og eg veit i grunnen ikkje kven som dekkjer Vanylven. Om Herøy slår seg saman med Sande, so er det ikkje noko problem, sidan ein då vil ha éi avis, som dekkjer éin kommune. Men får ein med Ulstein, Hareid og Vanylven, so er det vanskeleg å sjå føre seg at både Vestlandsnytt og Vikebladet overlever med å vere to aviser, som dekkjer éin kommune. Mykje av stoffet er trass alt frå kommunestyremøte.

I § 4, lova om folkebibliotek står det:

Til formål nevnt i kapittel I skal alle kommuner ha et folkebibliotek.

 

Slår ein saman alle desse kommunane, kan det etter dagens lovgjeving føre til nedlegging av folkebibliotek.  Lat oss innsjå det at kommunane sparar fyrst inn på dei områda som ikkje er lovpålagde. Dei kan med andre ord finne på å leggje ned fire av biblioteka, og me har då eitt att. Det er då ubrukeleg for dei i Vanylven om biblioteket vert lagt til ein av dei fire andre kommunane, og det er same problemet i motsett fall.

Folkerøystinga

Eg skal heimatt tidleg i mai, og då skal eg røyste. Eg kjem til å røyste for at Herøy skal stå att som eigen kommune, då eg ikkje ser nokon særleg vinst av samanslåing, men heller ein bråte problem. Skulle eg eventuelt ha røysta for ei samanslåing med Sande, so hadde eg frykta at røysta vart tolka som at eg var positiv til samanslåing generelt, men som de kan hende merkar, so er eg totalt imot ei samanslåing av heile sulamitten.
Håkon Remøy

Advertisements

One thought on “Kommunesamanslåingar – Herøy kommune, Møre og Romsdal

  1. Eg er samd i mykje av det du skriv, Håkon.

    Men som vordande økonom har eg òg eit litt anna perspektiv.

    Næringslivet i Vanylven er spanande med hovudfokus på byggjingsarbeid, landbruk og med olivinstein som smørauget på grauten.

    Elles er jo det eit samfunnsøkonomisk perspektiv på ting, då ei større kommune får større budsjettert stønad frå myndigheitene, og større sannsynlegheit for å kome igjennom med økonomisk krevjande prosjekt. Problemstillinga ein då kan møte på er sjølvsagt som du seier at det kan vere dei meir «attraktive» stadane som vert prioritert, som Fosnavågen, Ulsteinvik og utbyggjinga av kommunesenteret i Myrvågane, men eit veldiversifisert styresett skal jo vere representert frå alle hald i ei eventuell storkommune, så sjølv meiner eg det vil vere rettferdig, men samstundes ikkje dumdristig i den forstand at ein ikkje smell opp eit kjøpesenter på Moltu framfor eksempelvis å restaurere kommunal bygning i Vanylven.

    Men interessant utvikling uansett, og ei utvikling ein ser over heile landet. Då kan ein eventuelt velje å stå imot og vone på det beste (og risikere å sitje att med «hua i handa»), eller ein kan fylgje massane inn i det framtidsretta samfunnet.

    Vert artig å fylgje framover. Kan ta ein kaffi og diskutere ein annan dag.

    Likt av 1 person

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s