Revolusjonane i 1848 og ein samtale mellom to bønder

I 1848 var det ei rekkje omveltingar kringom i Europa, som fylgje av eit ynske om eit mindre totalitært styre. Det heile byrja i  Paris i februar, og spreidde seg raskt til grannelanda.

Desse omveltingane sette spor etter seg i litteraturen ogso, både i eiga samtid og seinare. I eit skodespel av Jens Bjørneboe frå 1968, Semmelweis, er Ignaz Semmelweis med på å kjempa mot autoritetane i Austerrike-Ungarn, just som han tala lækjarautoritetane midt imot om samanhengen mellom manglande handvask og dauden på fødeavdelinga. Der dei leiande lækjarane meinte det ikkje var naudsynt å vaska hendene. Dette er blant dei beste skodespela eg har lese, mellom anna sidan det er so provoserande, difor kan eg i aller høgste grad tilråda å lesa det. Det verste er at det er meir eller mindre basert på røynlege hendingar.

Omveltingane føregjekk i Ivar Aasen si samtid, og ein kan trygt seia at han nemnde dette: Den fyrste landsmålsteksta på prent var just om 1848-revolusjonane, då med to bønder som stod og diskuterte det som gjekk føre i Europa.

Samtale imellem to Bønder prenta (anonymt) i «Morgenbladet»1849, nr. 5. Undertittel: (om Begivenhederne i Udlandet). Merknad: Sprogformen er dannet ved Sammenstilling af flere Dialekter.

Eg legg her ved ei lenkje til samtalen, som de kan finna på side 7 i dokumentet. 

Noko ein legg merke til, når ein les denne samtalen, er at han ikkje skilde mellom «og» og «å», truleg av di det ikkje var talemålsgrunnlag for å halda på det skiljet. Som i dei landsmålsgrammatikkane Aasen la fram, er det her ogso nytta a-infinitiv, og stor bokstav på substantiva. Men noko ein kan merka seg, er at «Friheiti» dukkar opp i teksta, og som kjent, var Ivar Aasen sopass puristisk at han ikkje tok med -heit-orda.

Eg la ogso ut dette innlegget på Møtebrus, men der i klassisk nynorsk språkform.

Håkon

Advertisements

One thought on “Revolusjonane i 1848 og ein samtale mellom to bønder

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s