Målsaka for meg

Eg tenkte eg skulle skrive eit lite innlegg om kvifor eg engasjerer meg i målrørsla, sidan det er noko som er sopass sentralt i livet mitt.

Det er mykje ein kan seie om Målungdomen og mållaga, men ein ting er i alle fall visst: Det er veldig sosialt, og ein får høve til å møte mange gode folk. Det er då ei intern side ved det. So har ein den eksterne sida: Nynorsken er pressa på mange kantar, og det er nokso vanleg at bokmålsmajoriteten ikkje oppfyller rettane åt nynorskminoriteten.

So ein lyt kjempe for rettane åt nynorskbrukarane, ein lyt ogso kjempe for at desse rettane som vert brotne, held fram som lovfeste rettar. For å oppfylle desse rettane, lyt det vere slik at ein kan språka åt einannan, det vil seie at ein lyt kunne både nynorsk og bokmål, og det er eitt av argumenta for sidemålsundervising og -vurdering. Det er ikkje den beste grunnen eingong til at ein skal halde på sidemålsordninga, for meg er den beste grunnen til at ein skal lære både nynorsk og bokmål, det er for at det skal vere valfridom om kva for eit skriftspråk ein vil bruke seinare i livet.

No skal det seiast at eg er open for å tenkje nytt kring sidemålsordninga, men det er med den føresetnaden at ein lærer båe språka. Ein kunne til dømes ha gjort det soleis at dei som går studiespesialiserande ikkje hadde eit hovudmål, men at dei vart testa i båe skriftspråka, i alle fag, med alle bøkene vekslande mellom nynorsk og bokmål. Då trur eg dei aller fleste elevane hadde vorte svært gode i båe skriftspråka, og ville då kunne velje so snart dei går ut or skulen kva slags språk dei føretrekkjer.

Eg får sjå om eg held fram med fleire innlegg om dette, men dette var berre noko av grunnen til at eg engasjerer meg i målsaka.

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s