Studentnyhende!

For ei tid sidan, la eg ut nyhende om at eg skulle take frie studiepoeng i nordisk. Men eg fann ut at eg likte meg svært godt på nordisk, og at det moglegvis var noko eg kunne tenkt meg å take mastegrad i. So eg slengde difor inn ein søknad, innan søknadsfristen 1. november, om overflytting til bachelor i Nordisk språk og litteratur.

På torsdag fekk eg ein e-post frå dei som handsamar søknadene:

Du har søkt om overgang til eit av bachelorprogramma ved Det humanistiske fakultet, og eg kan no informere om at søknaden din er innvilga. Du har fått studierett på det nye studieprogrammet, og studieretten på det gamle programmet er avslutta. Lengda på studieretten vert justert ut frå kor mange semester som står igjen for å fullføre ei grad på det nye programmet. StudentWeb opnar for våren 2016 måndag 7. desember, og då kan du stadfeste utdanningsplanen på det nye programmet, i tillegg til å undervisnings- og vurderingsmelde deg til emne.

Gjett om eg då vart glad! Dette vil i røynda tyde at eg ikkje har noka grad til sumaren, men fyrst til neste jol. Vona er då at eg byrjar på master frå januar 2017 av. Med andre ord utset eg å verte ferdig med utdanninga mi med eit halv år, og det trur eg det er verdt altso!

Då eg gjekk historie, handla det for det meste om å lese svært mykje, og prøve å hugse det. No handlar det mest om å skjøne, og klare å setje seg inn i systemet, og eg likar i grunnen det betre. (Då er det tale om det språkfaget eg tek, ikkje litteraturfaget.)

Dette vert i alle fall bra, tenkjer eg, eller veit eg!

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s