Eg tenkte eg skulle kome med ein liten kommentar i samband med at debatten om nynorsk i riksavisene er komen attende, etter at Kine Svori skreiv eit lesarbrev i Aftenposten Si ;D, og då påfylgjande fekk kome til Dagsnytt atten 6. oktober for å ordskiftast om denne saka mot ein av redaktørane frå Dagbladet.
Som ein kunne sjå, so hadde ikkje redaktøren i Dagbladet særleg mykje å fare med. Sist gong denne debatten var oppe, då sa bladstyraren i Dagbladet at dei hadde «et språk av en høiere orden». Denne gongen sa dei at dei har radikalt bokmål som målform, og at dei ynskjer å reindyrke det. So ein kan vel seie at det var det same som sist.
Det er berre det at eg har aldri nokon gong sett radikalt bokmål i Dagbladet, heller kanskje det at somme av journalistane har nytta litt meir hokjønnsformer enn Aftenposten og VG, men det er ikkje radikalt bokmål. No har eg heilt enkelt gått gjennom kva dei har på framsida si, eg fann heller få døme på radikalt bokmål, men eg fann fleire døme på bruk av konservative former.

Det vanlege innan radikalt bokmål er ogso å bøye «å kaste» som å kaste – kaster – kasta – har kasta. Å skrive «kastet» i preteritum er rett og slett ikkje radikalt.

«Han scoret» vert ogso svært moderat, «Han scora» eller «Han skåra» er dei rette formene.
Endå ein gong: Det heiter regjeringa! Ikkje «Mistet», men «mista» skal det ogso vere.


Konklusjonen må vere at Dagbladet jamt over nyttar dei moderate formene, og dei tillèt seg stundom nokre hokjønnsord, men det er ikkje noko særleg avvik frå korkje VG eller Aftenposten. Dei er ikkje veldig konservative, men heller moderate. Eg har til dømes aldri sett at dei har nytta «åssen» i staden for «hvordan», og skal dei verkeleg nytte seg av argument som at dei «skriv radikalt bokmål», so lyt dei i so fall byrje med det. For slik det er no, bryt dei den føremålsparagrafen han redaktøren snakka om på Dagsnytt, og då kan dei like greitt sleppe nynorsken til!
Tilrådd lesnad
Artikkelen Åssen går det med radikalt bokmål? av Kjersti Wictorsen Kola kan vere vel verd å lese.
Og eg trur det kan vere verdt å sjekke ut masteroppgåva hennar ogso, om Bokmålsbruk – hvorledes/hvordan/åssen og hvorfor?
One thought on “Nynorsk i riksmedia – det radikale Dagbladet?”