Litt nyhende

Eg tenkte eg skulle koma med litt nyhende åt dokker! I august etter eg kom attende til Bergen og tok til på eit nytt semester, vart det klårt at eg skulle ta nokre frie studiepoeng i bachelorgrada mi i historie, og det vil seia noko anna enn historie. Eg enda opp med å ta årsstudium i nordisk. Nett no tek eg emna NOLI102 – Litteratur etter 1900 og NOSP103 – Språkhistorie og talemål. I emneplanen for båe emna er det krav om å skriva obligatorisk oppgåve på nynorsk, og dessutan eksamenen i språkhistorie ogso på nynorsk. Medan litteraturemnet har munnleg eksamen til slutt, so der kan eg snakka nett som eg vil.. Og neste semester vert det vel tilsvarande, berre bokmål i staden.

Eg trur eg har gjort eit godt val, sidan eg no faktisk får høve til å lesa skjønnlitteratur, noko eg elles ikkje har tid til. Dessutan får eg for fyrste gong sidan eg gjekk ut or vidaregåande i 2012 kommentarar på språkføringa mi, og dette er noko eg alltids kan verta betre på. Det som er faren med å ha valt nordisk, er at eg fort kan enda opp som norsklærar. Men tida får vise. Planen er i alle fall å byrja på master i historie hausten 2016, so får me sjå etter det.

I samband med at eg les ein heil del skjønnlitterære bøker som står på pensum, kan det vera mogleg at eg kjem til å blogga litt om dei. Eg har i alle fall tenkt å publisera litt jamt og trutt, eg lyt berre setja av litt tid. Eg har i alle fall ein liten plan for tida framover, eg tenkjer eg ikkje skal røpa for mykje. Men det kan verta noko liknande innlegget om Mason-Dixon-line, altso ei samankopling mellom kontekst og historie.

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s