Filmmelding og litt til: Casablanca

Sundag var eg på Cinemateket i Bergen, og såg Casablanca. Fyrst var det eit interessant føredrag om filmen (35 mm) og filmens framtid, og overgangen til digitalkino. Me fekk vite at industrien som dreiv på med film vert snøgt nedlagd, som igjen fører til vanskar for cinemateka når slitedelar og slikt skal skiftast ut på projektorane.

Føredragshaldaren meinte det òg kunne vere ein fare for at ein del av dagens filmar kunne gå tapt i framtida, sidan hardplater og slikt lett vert øydelagde, og at det er svært dyrt å skulle lagre dette digitalt. Dette galdt fyrst og fremst alt utanom Hollywood, som visstnok framleis får filmane sine over på filmrull og lagrar dei i store kvelv i fjella kringom.

På slutten av føredraget, var det ei aldri so lita røysting: me skulle avgjere om me skulle sjå Casablanca digitalt restaurert, eller i 35 mm-formatet – urestaurert. Det vart soleklårt 35 mm-formatet som vann den røystinga.

Eg har sett Casablanca nokre gonger før, men då var det restaurert og fiksa på – på bluray. Dette var fyrste gongen eg såg han på kino. Eg lyt seie at det er noko særskilt ved å sjå filmen, slik han vart sett ein gong i tida. Fargane, det vil seie gråtonane, skilde seg ein god del frå den restaurerte versjonen. Kanskje var ikkje biletet like klårt heller. Men det er ikkje noko eg vil klage på, det er heller sjarmen med det.

Eg trur eg kan seie med stor visse at eg kjem til å fare attende til Cinemateket, for dei hadde trass alt mykje interessant på plakaten. Ein film treng ikkje vere ny for å vere god. Vona er at dei set opp den originale Star Wars-triologien, det vil slik filmane var før Lucas «fiksa» på dei.

Filmen Casablanca i seg sjølv er vel den største klisjeen i filmhistoria, det er nett den filmen som stadig dukkar opp i andre filmar og seriar, men det er nett sidan han faktisk er so god. Eg trur ikkje det skal vere naudsynt å gjengje handlinga her, den burde dei fleste kjenne til. Om du ikkje har sett han, er det like greitt å gjere det snarast mogleg.

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s