Då eg var på studentsamling i Nidaros, i regi av Studentmållaget i Nidaros, kom eg over ei lita bok.

Og ho inneheld Soga om Gunnlaug Ormstunge, på originalspråket:

Med kommentarar på tysk:
Noko ein finn i gamle bøker, som ikkje er so vanleg i dag: dekorasjon på fyrstesidene:

Før meg og antikvariatet var ho i hendene åt Øystein Eskeland, ser det ut til:

Inni sjølve boka er det fleire ting som peikar på at boka har vorte nytta til studium, ho har nemleg ein del understreking og notat, frå blyant.

Attåt å ha kommentarar og notat, finn ein ogso ei gloseliste atti, frå norrønt (eller gamalnorsk?) til tysk. No er det lenge sidan eg hadde tysk, heldigvis har eg fått meg ei gamalnorsk – nynorsk-ordbok (som eg skal skrive om ved eit anna høve).

Og sjølvsagt lyt ein ha eit personregister:

Boka i seg sjølv er i svært god stand, når ein tek med at ho er heile 107 år.
Håkon Remøy