Fredag var eg på kino og såg Terminator Genisys. Filmen speler på det same som dei føregåande filmane: menneskja mot maskinene.
Ein skal helst ikkje røpe for mykje i ei filmmelding, men eg kan love dykk at «I’ll be back» vert sagt av Arnold Schwarzenegger i denne filmen. Den nye Terminator-filmen tek ein litt annan veg enn dei hine (meiner eg å hugse), for no får me sjå krigen dei var inne i mot maskinene – og vegen deira mot å knuse dei.
Sjølvsagt er det noko som endrar dette. Maskinene, eller Skynet, hadde éin plan: nemleg å endre fortida, med å sende ein «Terminator» attende i tid, for å drepe einkvan som ville garantert siger for maskinene. Og det heile med tidsreise får eit omframt aspekt, når den 11. «Doctor Who», Matt Smith dukkar opp attmed ei tidsmaskin.
Einaste eg no vil seie om filmen er: det er vel verdt å ta turen for dei som likar litt action og noko sci-fi!
Elles kan eg nemne at 3D-effekten fungerte godt på denne filmen, det var korkje irriterande eller forstyrrande. Det går altso an å sjå han i 3D.
Håkon Remøy