Ei lita sumaroppdatering – Bloggar og no bløggar òg

Eg tenkte eg kunne kome med ei lita oppdatering, sidan det er ei lita stund sidan sist. Eg har no hatt sumarferie sidan 9. juni, det vil seie frå universitetet. Men ferien, som i å gå ikring og gjere inkje det stinge støv, slutta måndag 15. juni. Då byrja eg å jobbe ved det lokale lakseslakteriet (slakting av oppdrettslaks), som har vore omtala som verdas største. Det er i alle fall ved Marine Harvest på Eggesbøneset ved Fosnavåg.

Den fyrste veka i jobb hadde eg til oppgåve å bløgge fisken, det vil rett og slett seie avliving av laksen. Dei som styrer med å få laksen inn til slakteriet, kjem sjølvsagt på jobb fyrst – og dinest dei som skal bløgge fisken. So arbeidstidene fyrste veka var sånn:

Timeliste
Timeliste

Det var uvant å skulle stå opp so tidleg, eg måtte nemleg stå opp 04.45, for å ha god tid til å ete litt frukost og eventuelt få meg ein dusj. Men ein ven seg til det. Og det gjekk heilt greitt. Det vart berre litt vel tidleg til sengs, so tidleg som åttetida onsdagen, og so seint som titida tysdagen.

Neste veke får eg sove éin heilt time ekstra, for då byrjar eg éin time seinare på jobb. Då skal eg attende til der eg var i fjor, nemleg sløyinga. Då er oppgåva å take ut innmaten or fisken.

Det er greitt å tene seg nokre kroner i sumarmånadene, so slepp eg å arbeide elles i året. Ein kan vel kalle det ferie lell, sidan eg gjer noko anna enn det vanlege eg gjer resten av året, eller?

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s