Konsertmelding: Mark Knopfler i Bergen 09.06.15

Tysdag kveld var eg på Mark Knopfler-konsert. Eg gjekk åleine, sidan dei fleste anten var farne heim, ikkje hadde høyrt om Knopfler, eller ikkje var viljuge til å møte billettprisen på 715 kroner. Eg heller var litt uviljug til å bruke 715 kroner, og var heldig og fann nokon som ikkje kunne gå lell – eg sparte eit par hundre.

Når det kjem til sjølve konserten, var både Bergensavisen og Bergens Tidende heilt samde om karakteren. Dei gav båe terningkast 4, eg vil korkje seie meg samd eller usamd i det – det vert for vanskeleg å velje handfaste haldepunkt som skal avgjere karakteren. Det verka som folk kosa seg i alle fall, so det har då noko å seie!

Sjølv kosa eg meg på konsert, noko av det eg sakna var litt meir av songar frå albumet Golden Heart. Men den plata er litt gamal, likevel hadde eg likt om han spelte litt av den (trur det moglegvis var inkje ein einaste). Eg sakna mest av alt Sailing to Philadelphia, men han spelte mange gode og kjende songar. Romeo and Juliet vart framifrå framførd. Og mest av alt fekk me, på ekstranummer, oppleve Brothers in Arms, den i seg sjølv var verd turen.

Men kva skjer med at Mark Knopfler byter gitar mellom kvar einaste song, og stundom i laupet av same song?

Eg kan godt tilrå alle og ein kvar som er i nærleiken av ein konsertstad å gå og sjå Mark Knopfler!

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s