Sundag kveld var eg på kino med gode vener og såg Spy. Filmen handlar om Susan Cooper som teknisk sett er agent i CIA, men er eigentleg mest ei kontorrotte. Sidan identiteten åt alle feltagentane i CIA hadde vorte kjend, kunne ein ikkje sende inn dei vanlege agentane for å kverrsetje det forsvunne atomvåpenet. Då Susan Cooper melde seg friviljug til å gå ut i felten, verka det noko komisk, sidan ho var heller dårleg trent.
Filmen kan ein trygt omtale som ein komedie, for han var svært morosam. Det var nok me tre som lo mest då, nokre folk såg litt på oss – synd for dei. Me kosa oss i alle fall, og eg kan berre snakke for meg sjølv då, men eg vil tilrå dykk sterkt å gå og sjå denne filmen! For då er det von om ein god lått åt dykk òg.
Håkon Remøy