På lesesalen i fjerde etasje på Sydneshaugen skole fann eg dette:
Fyrste eg kom til å tenkje på var, er Ørsta-dialekta ei eiga dialekt, samanlikna med den dei snakkar i Volda, og ja, elles på Søre Sunnmøre. Det er jo nokre lokale skilnader, men om dei er store nok til at ein skal kunne kalle det ulike dialekter, det er eg skeptisk til. Til dømes seier ein på Hareid oss både i objekt- og i subjektsform, medan ein kan ha litt variasjon om folk seier vi eller me. Og ein vil gjerne finne at somme seier tred og somme seier tre, altso om eit tre; nokon seier ogso meir så enn so; nokre skil ikkje mellom han og hånå, og ho og hinne.
Skilnadene er so små, og dei vert mindre. Men eg er heilt samd i at Ørsta-dialekta er blant dei flottaste dialektene, og no gjev det meining kvifor Ørsta-tausene er so sjarmerande.
Håkon Remøy