For ei stund sidan, kom eg tilfeldigvis over eit antikvariat litt i utkanten av Bergen sentrum, halvvegs opp på Høyden. Og der kom eg over denne boka (lenkje til nasjonalbiblioteket):

Ja, her har me tre av dei verkeleg store innan nynorsk dikting. Og sjølvsagt lyt ein ha omtale av forfattarane:

Og kva år kom so denne boka ut?

Det er i grunnen rart at ho kom ut i 1941, etter det eg veit, so hadde den tyske okkupasjonsmakta sensur på det som kom ut av bøker under krigen. Kan hende ho kom ut, av di dei ville ha henne på marknaden?
Nokre av dei hine bøkene dei prøvde å selja, finn ein på baksida:

Boka er ikkje ovleg flott, men flottare enn det meste som kjem ut i dag.

Boka byrjar sjølvsagt med Ivar Aasen og den einaste diktsamlinga hans, Symra.




Når det kjem til Nordmannen, so vil det kanskje for somme verka som det manglar noko: Nokre strofer er ikkje der, eller i alle fall ikkje alle ein plar syngja i Målungdomen. Men som kjent, gav Aasen ut fleire versjonar av Nordmannen, og dette er den endelege versjonen hans frå 1875 (ifylgje Aasentunet).
Kvifor kjøpte eg denne boka? Jau, det skal eg seia, eg hadde lyst til å kjøpa Symra, til å lesa litt i. Og eg har sett ei ganske ny utgåve, moglegvis frå språkåret 2013, men den er både diger og litt for dyr (kring 400 kroner). Denne fekk eg til ein noko lågare pris, 250-300 kroner, eg hugsar ikkje heilt. Uansett: Eg fekk rett og slett tre store forfattarar til prisen for éin.
Eg har diverre ikkje so stor kjennskap til diktinga hans Arne Garborg som eg har med dei hine to, men eg såg eit dikt (eller ei vise) eg kjende att:

Eit av favorittdikta mine i denne samlinga, som eg lyt nemna er «Den Dag kjem aldri» av Aasmund Olavsson Vinje:

Og no kjem ei oversikt over kva slags dikt som er med i samlinga, de kan ogso blada litt i boka, om de vil.

Neste gong kan eg lova dykk ein omtale av ei nokso stutt bok, som òg er den (førebels) eldste i samlinga mi.
Håkon Remøy
Merk: Alle bileta er tekne med kameraet på iPhone 5, so det er kanskje litt varierande kvalitet.