Litt planar framover

Nett no held eg på med oppgåveskriving, den aller siste oppgåva på historie, før frie poeng i bachelorgrada til hausten. Eg analyserer myntar frå den franske revolusjonen og vidare inn i Napoleons keisardøme, og eg skal mellom anna finne ut kva historiske hendingar han prøvde å kople seg til. I dag held eg meg på hybelen, og eg har Beatles på full guffe og kosar meg.

For å finne litt ut av framtida, var eg i går på eit rådgjevingsmøte. Eg fekk ikkje særleg mykje utor møtet, sidan rådgjevaren ikkje hadde dei svara eg var ute etter. Eg ville gjerne vite kva andre fag som passa godt å kombinere med historie, det kunne ikkje rådgjevaren svare på. Historie er historie, og andre fag er andre fag, sa ho. Men det eg tenkjer, er at somme fag kan gje ein viss føremon når eg ein gong (vonleg) skal skrive masteroppgåve i historie.

Men eg har nokre planar for tida framover, i alle fall for bloggen, resten finn eg ut av etter kvart. Eg tenkte eg ville skrive eit nytt innlegg om antikvariatbokkjøp, eg har trass alt ikkje so mykje å gjere anna enn lesing framover mot det munnlege forsvaret av bacheloroppgåva 9. juni. Eg tenkte eg ogso ville skrive eit innlegg om musikk, eit med eit litt sært tema.

Me får i alle fall sjå kva eg kjem til å skrive, no lyt eg kome meg attende til oppgåveskrivinga, før det vert Melodi Grand Prix i kveld.

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s