17. mai 2015 i Bergen

I dag har eg feira, dagen byrja med rjomegraut til frukost. Det vil seie, eg hadde graut frå Fjordland som eg berre trong å varme opp i mikroomnen. Det var allereie i titida.

Eg fekk sjekka ut sentrum etterpå, altfor mykje folk. Men det var då godt å kome seg av garde i retning Ivar Aasen-bysta, kvar me i Studentmållaget skulle leggje ned krans klokka 14. Godt oppmøte, kan ein seie, og ein framifrå tale frå Oddny Miljeteig (eg skal sjå om eg klarer å få tak i nokre bilete). Det vart litt sosialisering med gode vener i den neste timen, før me fann ut det beste var å kome seg heim og arbeide med oppgåveskriving (vart blogging hjå meg..).

På kvelden vart det ein tur til Bryggen for mellom anna å sjå Ylvis. Det var spanande å sjå om dei spelte «The Fox» – og det gjorde dei!

Men fyrst var det Sissel Kyrkjebø som fekk sleppe til.

Sissel Kyrkjebø på scena, litt langt vekke.
Sissel Kyrkjebø på scena, litt langt vekke.

Ho spelte ikkje alle nummera i eitt, ho kom på scena nokre gonger etter nokre av dei hine ogso. Då ho song You’ll never walk alone, kunne ein kjenne nakkehåra reise seg.

Etter henne, kom Sondre Lerche, skal eg vere ærleg, so  har eg nesten gløymt at han eksisterte. Han har ikkje vore like synleg som syskebarnet sitt, Lars Vaular, som dei diverre ikkje leigde inn.

Sondre Lerche.
Sondre Lerche.

Det var ogso ein fiolinist, som eg ikkje tok bilete av. Charlie Siem, ein brite, som visstnok kunne vise til slektskap med Ole Bull. Og til slutt (før meir Sissel Kyrkjebø), spelte Ylvis.

Ylvis.
Ylvis.

Ylvis spelte ikkje mange songane, men dei spelte The Fox, Jan Egeland, Trucker’s Hitch og ein eller to songar til. Var god stemning det. På konserten fekk ein kjensla av å vere dresskledd sild i tynne. Det var tett-i-tett, sjølv om eg langt frå var noko nær scena.

Grunnen til gratiskonserten på nasjonaldagen, var dåp av ein båt.

Eit ovstort cruiseskip. Biletet vart teke då eg gjekk derifrå..
Eit ovstort cruiseskip. Biletet vart teke då eg gjekk derifrå..

Og kven døypte skipet? Det var sjølvaste ordføraren, Trude Drevland:

Etter å ha sett alt det der, gjekk eg heim, bybanen var for full til at eg orka å ta den. Etter å ha stått og gått mykje i dag og elles i det siste, so merka eg godt at eg var litt låk i føtene. Men då er det i minsto godt å kome heim og dimed kunne leggje meg.

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s