Sundagsopne butikkar – nei takk!

I dag gjorde eg noko eg aldri har gjort før, eg sende inn eit høyringssvar:

Her på regjeringa.no

Ein bør ikkje gje slepp på sundagen som fridag i Noreg, av fleire grunnar: for somme er sundagen heilag, medan for andre er dagen eit høve til eit avbrekk frå det daglegdagse stresset. Det er òg lettare å få til ei familiesamling på sundagen, og det å sjåast iblant er nok bra for folk flest. 

Eg ser ogso sundagen som ein dag for demokratiet, gjev ein slepp på sundagen, vil det verte vanskelegare for folk flest å engasjere seg i diverse friviljuge og politiske organisasjonar, då ein ofte legg ein del møte til helgane. 

Eg meiner at ei endring av denne lova, til å tillate sundagsopne butikkar, vil vere eit brot imot § 2 i Grunnlova: «Verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår. Denne grunnlova skal tryggje demokratiet, rettsstaten og menneskerettane.»

Eg vonar at ein ser at sundagsopne butikkar vil vere eit brot mot både den kristne og humanistiske arven vår, og ikkje minst ei innskrenking av demokratiet. 

Ein kan sende inn høyringssvar her: https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/horing—forslag-om-endringer-i-helligdagsloven-for-a-tillate-sondagsapne-butikker/id2403951/

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s