Ja, no har eg levert bacheloroppgåva mi, eg har framleis ein og ein halv time til å gå inn og redigere. Men det skal eg ikkje. No vonar eg at eg er ferdig med bacheloroppgåva i historie, so lenge eg får C eller betre, treng eg ikkje tenkje på det. Eller får eg ein C vert eg nærvøs før munnleg då, som kan justere opp eller ned éin karakter.
Eg vonar at studentpuben held ope i dag, so kan eg kanskje ta meg ei god sider – uansett kor fortent ho måtte vere.
Håkon Remøy