Ei annsam tid

Eg sit no og skriv på bacheloroppgåva – natt til laurdag, fristen nærmar seg altfor fort! Måndag klokka 13 er tida det skal inn, vonleg får eg levert litt før det. Eg er snart ferdig med det meste utanom konklusjonen, likevel skulle eg ynskt at eg hadde betre tid!

Samstundes skal det verte godt å verte ferdig, og få litt fritid – eller det vil seie eg får utdelt ei ny oppgåve når fristen på bacheloren går ut, men då er det berre 2000-3000 ord, nesten ingen ting. Og det vil forresten seie rett oppunder 3000 ord, det er godt gjort å verte ferdig på 2000 ord (eller dårleg?). Eg merkar i alle fall at det er ei annsam tid dette.

Eg ser i alle fall fram til sumarferien som kjem etter neste oppgåve, eller då meiner eg eigentleg etter eg skal ha forsvart bacheloroppgåva i munnleg form, ein gong dei to fyrste vekene i juni.

Etter det er det vel sumarferie? Tja, det er i alle fall ikkje meir oppgåveskriving før til hausten. Og eg skal jammen det heim til Remøya! Eg skal denne sumaren som i fjor sumar jobbe på Marine Harvest, det lokale lakseslakteriet, som sløyar (tydelegvis ikkje oppslagsord i ordboka). Det vert godt å tene litt pengar, og få ein pause frå det akademiske. Og soleis kan eg verte klar til det nye tilværet til hausten.

Kva skal eg so til hausten? Einaste eg veit er at eg kjem til å halde meg i Bergen, eg skal nemleg ta frie studiepoeng; eg har nemleg eitt år inkludert i bachelorgrada som går til noko anna enn historie. Eg vurderer og tenkjer på kva fag eg skal ta. Eg trur moglegvis det vert nordisk på meg, men eg veit inkje. Fyrst om to veker skal eg møte ein rådgjevar for å få litt innspel til kva fagkombinasjon som kan vere lur å ha.

Og eg skal attpåtil sjå om eg klarer å skrive litt her inne i laupet av sumarferien, det lyt eg vel klare!

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s