No nyleg var eg på kino og såg «Ex Macina», ein slags sci-fi spaningsfilm. Filmen handlar om kunstig intelligens, populært kjent som «A.I.», og poenget var at hovudfiguren Caleb skulle teste ut om den kunstige Ava kunne stå på Turing-testen. Altso om ein kan kommunisere med ein maskin – utan å vete eller forstå at det er ein maskin.
Han fekk på førehand vete at Ava var ein maskin, frå utviklaren, skaparen, eller kva ein skal kalle han, Nathan. So då vert spørsmålet meir om Caleb får nokon slags kjensler for denne maskinen. Og lat oss berre seie, filmen sluttar med ei heller overraskande vending.
No vil eg ikkje openberre so mykje meir om filmen. Men eg kan seie at ein vil moglegvis sjå litt kjent landskap, for han er til dels filma i fagre Valldalen på Sunnmøre. Eg vil tilrå denne filmen sterkt for alle som må ha den minste interesse i spaningsfilmar, eller eventuelt sci-fi. Ein treng ikkje vere ein røynleg sci-fi-nerd for å sjå denne, eg trur han passar for dei fleste, og det ein får sett er ikkje sci-fi frå den fjerne framtida, men heller noko som kunne vorte røyndom i dag.
Håkon Remøy