Det er ikkje berre målsak som fengjer meg:

Eg sende det ikkje eingong inn, eg kommenterte berre eit Facebook-innlegg hjå Bergensavisen. Ein ting er i alle fall sikkert, det er artig å kome på prent. Det er òg greitt at ein kan søkje opp namnet mitt i atekst utan at det berre er målsak som kjem opp.
Når ein tenkjer på det, so er det vanskeleg å forstå kvifor Brann har so dyre billettar som dei visstnok har. Dei hadde 8552 betalande i førre kamp ifylgje altomfotball.no, kapasiteten er på 17 686, hadde dei senka prisen litt, hadde dei nok kunne vone på ein god del fleire innanfor portane. Og då hadde inntektene og stemninga mest truleg auka, både i form av pølse- og kaffisal.
Sjølv kjem ikkje eg til å gå på mange kampane, sjølv om eg bur tett attmed. Det er for dyrt for ein student. Eg kjem nok til å fare for å sjå Hødd når dei vitjar Bergen til hausten.
Rådet mitt er: Gjer dykk tilgjengelege for ålmenta, Brann, ikkje berre dei med tjukk lommebok!
Håkon Remøy