Håkon og antikvariata – Det Nye Testamente og Salmarne

Dersom eg ser eit antikvariat som er ope, so går eg ikkje forbi; eg går inn. Eg endar som regel opp med å kjøpe ei bok når eg fyrst er der.

Eg tenkte eg kunne vise nokre av bøkene eg har kjøpt. Denne gongen tenkte eg at eg ville vise fram eit nytestamente eg tinga hjå Nynorsk Antikvariat.

Det er noko slitt, som de ser.
Det er noko slite, som de ser.

Nytestamentet eg kjøpte er 6. opplaget, og det vart prenta i 1921.

Prenta i Kristiania 1921
Prenta i Kristiania 1921

Sjølv om det er frå 1921, so er ikkje dette omsetjinga åt Studentmållaget i Oslo, kjend som Fyrebilsbibelen. Men ei endå eldre ei.

Når ein har ei gamal bok framføre seg, so lurer ein ofte på kven den tidlegare eigaren var. Stundom so finn ein det på ei av dei fyrste sidene. Attåt verdsetjinga, sjølvsagt.

Her ser ein at Kåre Leim (om eg tydde skrifta rett) åtte dette nytestamentet før meg.
Her ser ein at Kåre Seim åtte dette nytestamentet før meg.

Eg lyt heilt ærleg seie at eg har litt vanskar med å forstå kva som står i denne bibelen, sidan gotisk skrift (eller frakturskrift) er litt uvant for meg.

Her er fyrste sida i Evangeliet etter Mattæus, og som de ser so er det gjennomført gotisk skrift.
Her er fyrste sida i Evangeliet etter Mattæus, og som de ser so er det gjennomført gotisk skrift.

Men det er ikkje berre skrifta som gjer det vanskeleg. På nokre av sidene, kring fem eller seks, trur eg, so har trykksverta spreidd seg litt utover sida. Eg veit ikkje om dette er ein feil som hende hjå prenteverket eller om sidene har vorte vætt, og det hende på den måten.

Her er trykksverten kanskje ekstra gale, samanlikna med andre stader i nytestamentet.
Her er trykksverta kanskje ekstra gale, samanlikna med andre stader i nytestamentet.

So tenkte eg at eg kunne leggje ved nokre av dei meir klassiske bibelorda, mellom anna den gyldne regelen og den om flisa.

Her er mellom anna Matt 7.12.
Her er mellom anna Matt 7,12.

I Fyrebilsbibelen heiter Mattæus 7,12:

«Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot deim; for so er lovi og profetarne.»

Medan i denne versjonen står det:

«Difyr, alt det som de vil at Folk skal gjera imot dykker, det maa de og gjera imot deim; for so er Logi og Profetarne.»

So har eg ein annan godbit åt dykk, ein som passar godt til å «burne» einkvan.

Dette er merkeleg nok eit av favorittsitata mine frå bibelen.
Dette er merkeleg nok eit av favorittsitata mine frå bibelen, Matt. 7,3.

Eg vaks opp med 78/85-omsetjinga og der heiter det:

«Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?»

Medan i Fyrebilsbibelen heiter det so:

«Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var?». 

Om eg tolkar det rett, so står det i det nytestamentet eg eig:

«Men kvi ser du Boset i din Broders Auga, men Bjelken i ditt eiget Auga vert du ikkje var.»  Mattæus 7,3

Eg lyt kanskje seie at sitatet frå Fyrebilsbibelen frå 1921 er det eg likar best av desse sitata, i-målet har no sin sjarm! Samstundes lyt eg seie at omsetjaren av mi utgåve ikkje såg høvet til eit ordspel, med flis og bjelke, som trass alt er av same materiale, når han heller gjekk for bos. Kan hende det er ei etymologisk forklåring på det?

Då eg sjekka dette sitatet, so kom eg òg over omsetjinga frå 2011. Og eg veit ikkje heilt, 2011-omsetjinga manglar noko samanlikna med alle dei hine omsetjingane, eg trur ho kanskje rett og slett er litt for nymoderne?

«Kvifor ser du flisa i auget til bror din, men bjelken i ditt eige auge merkar du ikkje?» frå 2011-omsetjinga.

Eg gler meg til å få lese litt meir i dette (gamle) nytestamentet, eg trur det kan vere ein grei måte å lære seg å forstå gotisk skrift (eller frakturskrift) på. Samstundes får eg kanskje med meg nokre spanande vendingar som eg sjølv kan nytte når eg skriv.

Dersom de har lyst å lese litt av denne omsetjinga, so trur eg dette moglegvis er same omsetjinga, berre eit tidlegare opplag.

Håkon Remøy 

Advertisements

2 thoughts on “Håkon og antikvariata – Det Nye Testamente og Salmarne

  1. Interessant lesnad! Eg har bite meg merke i eit par ting som eg vil kommentere.

    For det første: Når det gjeld namnet på den førre eigaren av boka, trur eg nok det er Kåre Seim og ikkje Kåre Leim som har eigd ho. Ifølgje http://www.ssb.no/navn er det ingen som heiter Leim, medan det er 1201 personar som har Seim som etternamn. (Dessutan er det ni menn som heiter Seim til førenamn, men det er ei anna sak.) I norsk etternamnleksikon av Olav Veka (Det Norske Samlaget 2000) står det om slektsnamnet på side 363:

    Seim, 1160 namneberarar (i Hordaland 588, i Sogn og Fjordane 113), av gardsnamn, sirka ti stader mellom anna i Lindås og Voss, her skrive «Sæimi» sirka 1360 av Seimr (av Sæheimr) gammalnorsk sær «sjø, vatn» pluss heim, det vil seie sjøgarden.

    Seim er altså eit gammalt heim-namn som er ganske utbreidd på Vestlandet.

    Nummer to: Når det gjeld om du har lese ordet logt rett, har du stort sett det, bortsett frå siste bokstaven i ordet. Det er nemleg ein i, noko som kan vere litt vanskeleg å sjå, men om du jamfører med andre i-ar og t-ar på same sida, ser du at det er meir likt i enn t. I Norsk etymologisk ordbok av Yann de Caprona (Kagge forlag 2013) står det om ordet på side 993:

    lov: rettsregel som er vedtatt av myndighetene. Dansk lånord, avledet av gammeldansk logh (jamfør norrønt lǫg), som egentlig er flertall av lag «lag» og seinere oppfattet som entall. Formene stammer frå germansk *lagō-, som opprinnelig kan ha betydd «(fast)legging» og seinere «lov, skjebne», og er beslektede ord med norsk legge og ligge. Engelsk law «lov» kan være lånt frå skandinavisk. Utviklingen frå «noe fastsatt/fastlagt» til «lov» finner vi også i tysk Gestez «lov», avledet av setzen «sette» og latin lex «lov», trolig beslektet med legere «samle, plukke».

    Vidare kan Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman i Våre arveord (Novus forlag 2000) opplyse om skrivemåten av ordet i andre språk på side 544: gammalsvensk lagh, nyislandsk lög, færøysk lóg, gammalsaksisk gilagu, moderne dansk lov og moderne svensk lag. Log og i-målsbøyingsforma logi er altså eit anna ord for lære, så setninga tyder nett det same som i Fyrebilsbibelen: «for så er læra og profetane».

    Til sist om bos, eller boss, som vi seier heime på møre. Dette er henta frå Nynorskordboka på nett (http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=bos):

    bos eller boss (samanheng med baus og buse; eigentleg «noko oppsvolle»)
    1: sengehalm. 2: avfall av høy og halm. 3: smått avfall; dumbe, sop, søppel.

    I Hjalmar Falk og Alf Torp Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (1903) er oppslagsordet bøs eller bøss, i takt med slik ein del folk gjerne uttalar ordet. Dei har visst ordet boss hjå våre nordiske brør i aust og vest òg.

    No skal eg ikkje prøve meg på ei etymologisk tolking av kvifor den som skreiv denne bibelen valde bos i staden for flis, men eg synest det er fin allitterasjon i «kvi ser du BOSET i din BRODERS auga, men BJELKEN i ditt eiget auga…». Kanskje synest omsetjaren det òg, og kanskje kan det vere årsaka.

    Likt av 1 person

    1. Tusen takk for tilbakemelding Martine! Eg er litt uvan med å lese gotiske bokstavar.. so eg retta det til «Logi» no, det er sjølvsagt i-mål.

      Og eg visste ikkje om noka anna tyding av ordet «bos», enn søppel, so det var nytt! Bokstavrimet tenkte eg heller ikkje noko på, då kan ein vel heller spørje seg kvifor dei gjekk vekk frå dette i seinare omsetjingar, kanskje.. 😉

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s