Reisa attende til Bergen – eit lite ferdaminne

Eg burde kanskje ha teke nokre bilete, kan hende eg kjem til å byrje med det..

Måndag 6. april reiste eg attende til Bergen. Det heile starta med at eg laut stå opp 06.15, etter berre tre timars svevn (eg var sosial kvelden før og litt utover natta). Eg kom meg overraskande lett opp, men når det er noko ein MÅ, so er det enklare å finne viljen til å stå opp.

Flyet skulle take av 08.10, so eg var ute i nokso god tid, noko som eigenleg var like so greitt, sidan det var kø i innsjekkingsskranken. I køa var det opptil fleire kjentfolk, og alle skulle attende til den røynlege verda med studiearbeid og slikt.

I tryggingskontrollen, då dei skulle lyse gjennom tinga mine, so vart eg stogga sidan dei såg ein ting dei ikkje forstod kva var. Det var ei stiftemaskin.. som eg hadde gløymt at eg hadde med meg.

Denne stiftemaskina hadde eg med meg i handbagasjen.
Denne stiftemaskina hadde eg med meg i handbagasjen.

Flyet fylgde ruta, og me var framme kring 08.50. Eg venta på bagasjen, og tok fyrste flybuss til sentrum. Eg tenkte at det var lettast å take bussen heilt inn til sentrum og bybane derfrå. Det var det ikkje. Det var 2. påskedag, og det vil seie at bybanen fylgde anten heilagdags- eller sundagsruter, bybanen gjekk i alle fall berre kvar halvtime. Og eg stod på bybanestoggen 09.33, tre minutt for sein. So eg gjekk.

På veg attende til hybelen vart eg passert av minst ein bybane, men eg vart litt sta og gjekk inn for å gå heile vegen.

Neste gong eg tek eit so grusomt tidleg fly, skal eg syte for at det korkje er sundag eller heilagdag. Eller so kan eg berre hoppe av flybussen på Danmarks plass, då er eg berre ti minutt unna hybelen i gangavstand.

Eg kom fram til hybelen og fann ut at eg var nøydd å handle litt mat og noko mjølk, so då måtte eg fare av garde til sentrum igjen. Men då hadde bybanen i minsto byrja å gå kvart 10. minutt eller noko. Eg gjorde det enkelt og laga meg ein grandiosa til middag, før eg dinest sov litt middag (det trong eg). Oppgåveskrivinga som eg skulle vere so flink med, der vart oppgåva berre 100 ord rikare.

So no får eg byrje å arbeide hardt med skriving og lesing, so eg kjem i mål!

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s