Ein påsketur innom Sunnmørsbadet

Som eg sa, so skulle eg moglegvis oppdatere dykk på kva eg har styrt på med i påska.

Laurdag var eg ein tur på Sunnmørsbadet, og sumde og kosa meg. Eller det heiter vel at eg tok meg eit laug (noko som passar bra for laurdagen, som er laugardagr, altso vaskedagen).

Før badet opna i midten av mars, var eg ute og uttalte meg kring språkbruken på badet. Det var sidan alt språket på vevsidene deira var på bokmål. I laupet av dagen saka kom vart det klårt at dei hadde innsett dei hadde gjort ein feil, og kom dimed til å fikse det. Ein dag eller to seinare vart sunnmorsbadet.no nynorsk.

Eg gledde meg til påskeferien, då eg skulle få prøve dette nynorske badet. Og det var fyrst laurdag 4. april eg hadde høve.

På veg inn i dusjen vart eg møtt av eit skilt med ei oppmoding.

Dette er vel ikkje nynorsk, Sunnmørsbadet?
Dette er vel ikkje nynorsk, Sunnmørsbadet?

No kan eg fyrst seie noko om det øvste skiltet, både «dusj» og «svømmehall» er heil rett nynorsk, men på Sunnmøre vil det vere meir naturleg å skrive «symjehall», sidan det er det som ligg nærast dialekta.

So er det det nedste skiltet, som er skrive på bokmål. Og det same kan eg seie om dei hine skilta inne på badet. Eg trur eg såg eit skilt som stod «toaletter» på, i ubunde fleirtal heiter det berre «toalett». Det var vel òg eit skilt som skulle vise at sklia var stengd. Der stod det «beklager – stengt», det går so vidt an å beklage seg på nynorsk, det står i ordlista og er henta frå bokmål, står det. Men det heiter då «beklagar» i presens på nynorsk, eg hadde godteke dette, hadde eg sett det som skrivefeil, men det er heller eit døme på feilfri bokmål.

Eg vonar dette endrar seg snart, det vert feil om det er bokmål som skal møte elevane som skal ha symjeopplæring på dette (eigenleg svært flotte) badet. I Herøy kommune er alle skulekrinsane nynorske, og det finst ikkje bokmålsklasser. Eg ser ikkje nokon gode grunnar til at dei skal nytte bokmål på dette badet, særleg sidan dei held til midt i eit nynorskområde, er 54 % ått av kommuen (som har vedtak om nynorsk som teneste- og administrasjonsmål) og dei vel å kalle seg Sunnmørsbadet.

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s