Påskeferie

Torsdags morgon, 26. mars, landa eg på Ørsta-Volda Lufthamn, eg var på veg heim til påskeferie. «Ferie» kjem frå latin, og tyder ifylgje nynorskordboka «religiløse festdagar», noko som passar fint for påska sin del, sjølv om eg ikkje er religiøs i det heile. Påskeferien skal vel vere nokre velfortente fridagar, tenkjer du?

Nei, denne påska gjeng stort sett (eller bør stort sett gå) til arbeid med bacheloroppgåva som skal inn 11. mai, og ei anna oppgåve som skal inn rett etter ferien. So eg har mitt å drive på med.

Eg har merka meg at eg kunne godt ha vore flinkare å arbeide med oppgåvene so lang, men nett no er det helg, og då har eg tillate meg sjølv litt fri. Men til veka, då skal eg verte ferdig med eine oppgåva og helst få gjort ein del på bacheloroppgåva.

Men det har ikkje berre vorte skriving, og kjem ikkje til å verte berre det heller:

Litteratur og quiz i Herøy mållag

Det var litteratur og quiz allereie fyrste kvelden etter eg var komen heim.

Her er programmet for møtet i Herøy mållag
Her er programmet for møtet i Herøy mållag

Det var Arne Maurstad som heldt ei engasjerande innleiing om Jakob Sande, kor me fekk høyre litt av ytterpunkta i diktinga hans. Mellom anna las Maurstad «Det lyser i stille grender» og eit anna dikt som eg ikkje hugsar kva det heiter, men som i alle fall verka meir djevelsk av seg. Eit anna dikt eg vart merksam på at han hadde skrive, var det løgne diktet «Kallen og katten» (som me plar syngje på målungdomstilskipingar). Alt i alt ei interessant innleiing, og det freistar kanskje å sjekke ut meir av diktinga åt Jakob Sande.

Mållaget hadde tilmed fått tak i musikar i høve «litteratur og quiz», han song mellom anna «Eg ser» av Bjørn Eidsvåg. Det må seiast at han var flink!

So var det quizen, «gammalt og nytt» skulle det vere. Mykje gamalt var det i alle fall, på quizlaget mitt, so var det berre ein som ikkje var fødd på 90-talet, medan dei hine laga hadde mykje høgare snittalder. Halvparten av spørsmåla var om gamle dialektord, og kva dei tydde, lat oss berre seie det sånn: me var kanskje i yngste laget. Medan hi helvta handla meir om kvar ting låg hen og kvar noko hende, det var ikkje ein quiz om berre nynorsk altso. Heiter det quiz når ein har tre alternativ?

Eg kan seie so mykje som at laget mitt hamna heilt sist, neste gong lyt eg take med meg anten mor mi eller nokon eldre..

Elvis-hyllest

På fredagskvelden vart det til at eg og ho mor drog på konsert, det var «Elvis – en storslått hyllest».

Eg og mor såg denne konserten i Fosnavåg Konserthus på fredag
Eg og mor såg denne konserten i Fosnavåg Konserthus på fredag

Mor mi var positivt overraska, og sjølv lyt eg seie at det var ein verkeleg bra konsert. Dei spelte alle slagerane åt Elvis, på nokre av songane kunne ein kjenne nakkehåra reise seg, so bra var det. Og dei sparte det beste til slutt, på ekstranummer: «Can’t help falling in love», og den songen gjorde det verdt å take turen. So dette kan eg tilrå i aller sterkaste grad! Attåt kan eg nemne at ljoden var heilt perfekt, enkelt og greitt eit bra konsertlokale. Eg har vore på konsertar i Bergen kor ljoden ikkje har vore heilt tilfredsstillande, eller tilmed elendig, men det var han absolutt ikkje denne gongen!

Kva har eg drive på med elles? 

Ja, sei det. Det har jo vore ein god del daglegdagse gjeremål, slik som å gå ein tur eller to om dagen med Rex, hunden vår, noko som i seg sjølv er hyggjeleg so lenge det er opplett. Diverre har det gjenge med mykje tid til speling, når eg fyrst byrjar å spele Football Manager, so går det med nokre timar, som heller kunne gjenge til bachelorskriving.

Planar for resten av påska

Eg tenkjer eg lyt sjekke ut Sunnmørsbadet, eg er litt nyfiken på korleis det ser ut og eg vil gjerne lauge meg litt ogso. Samstundes får eg vel sjekke ut om dei faktisk nyttar nynorsk inne på sjølve badet. (Les: dei trong ei lita påpeiking for å nytte nynorsk på vevsidene sine)

So langt i påska har eg vore flink til å sove lenge (eller dårleg til å stå opp tidleg), so det er vel noko eg bør prøve å endre. Eg bør stå opp tidleg og prøve å jobbe med oppgåvene, so det vert gjort, so får kveldane nyttast til kos.

I fare for å ha skrive ei lita avhandling her, so trur eg skal stogge no, og heller sjå om det vert å skrive noko litt seinare i påska.

Håkon Remøy

Advertisements

2 thoughts on “Påskeferie

    1. Reknar med at du siktar til Herøy mållag, det er berre sånn det skal vere. Og sjølvsagt skal ein ikkje ha noka facebookhending heller, denne reklamen var den same både på Facebook og i lokalavisa. 😉

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s