Netflix er eit ròte riksmålseple

For ei stund sidan sende eg Netflix ei kvitring.

Eg fekk diverre ikkje noko svar på henne. Men eg fann ein som hadde kvitra åt dei tidlegare, og han fekk svar:

Det verkar som Netflix har teke ei medviten avgjerd om ikkje å nytte nynorsk, og at det ikkje skuldast mangel på nynorskingar som kan tekste seriane og filmane deira. Det syner manglande age for språket mitt, og eg vel difor å avslutte abonnementet mitt hjå Netflix. Eg kjem truleg ikkje til å verte kunde att før dei byrjar å nytte nynorsk ogso.

For å klårgjere, so krev eg ikkje at alt skal vere på nynorsk, men at dei som tekstar skal ha høve til å nytte nynorsk. Folk bør trass alt få møte språket sitt, bokmålingar hadde sett House of Cards om det so var teksta på nynorsk.

Men det er heilt utruleg at dei stengjer ute nynorsken. Ein får berre vone at dei skjerpar seg.

Og attåt, so kan eg nemne at eg nokre gongar har reagert på at dei ikkje til ei kvar tid har halde seg til offisiell bokmålsrettskriving heller. Det har til tider vore ord som berre går innunder den uoffisielle riksmålsrettskrivinga, mellom anna har dei til tider nytta «nu» i Archer (og då oppfatta eg det som adverbet, ikkje som substantiv).

Slepp nynorsken til, Netflix!

Framtida delte dette blogginnlegget! 

Advertisements

One thought on “Netflix er eit ròte riksmålseple

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s