Sensorar på lesesalen

Eg er til tider på lesesalen for å lese, noko som ikkje er so altfor uvanleg hjå studentar. På lesesalane og datastova på Sydneshaugen skole fekk me før sumaren nokre sånne ljossensorar, eller rørslesensorar er det vel. Dei fungerer i alle fall slik at når det er rørsle, so held ljoset seg på, men dersom han ikkje oppfattar rørsle på fem minutt vert det mørkt.

På lesesalen er det svært viktig med arbeidsro, ein vil helst sitje ei god stund og berre lese. Og det er i lesesalens natur at ein ikkje vil få so altfor mykje rørsle, særleg om ein er nokso einsam der inne. Det som vanlegvis hender er at kvart femte minutt sløkkjest ljoset, og ein lyt veive med armane for å få det på att. Det er berre det at ein får ikkje særleg arbeidsro av å måtte veive med armane kvart femte minutt.

Men so er det ei svært smart oppfinning som kan fikse dette problemet, ljosbrytaren. Han verkar slik at ein kan slå av og på ljoset etter behov. Ei genial oppfinning.

Skal dei verkeleg vere tekniske for å spare straum, so kan dei ha ein sånn brytar som er tidsinnstilt på til dømes ein time i gongen. Det ville spart mang ein student for frustrasjon og gjeve oss studentane litt meir lesero på lesesalen.

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s