Den fyrste song

Den fyrste song er ein av favorittsongane mine innanfor den nynorske diktarverda, so eg tenkte eg laut dele han med resten av verda (eg reknar med mange har høyrt han frå før). Eg veit diverre ikkje so mykje om diktaren Per Sivle, so eg tenkjer at når eg ein gong har høve, so skal eg lese biografien om han. «Eit halvt liv» heiter biografien, han valde å avslutte livet då han berre var 47 år gamal. Det er vel noko i at det er dei som slit med livet som skriv den fagraste litteraturen…

Den fyrste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunde gråten stogga

Dei sulla meg so underleg,
so stilt og mjukt te sova;
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova

Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smiler blidt,
som berre ei kan smila

Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som all ting heilar

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s