Blogging – i nokso ukjent farvatn

No har eg tenkt å byrje å blogge att, eg hadde sovidt ein blogg som heitte hakonremoy.blogg.no, men han vart nesten ikkje oppdatert. Eg har tenkt å kome i gang her på wordpress i staden for blogg.no, det var ein viss føremon at wordpress er tilgjengeleg på nynorsk. Språket er svært viktig for meg, eg reknar meg sjølv som målmann, og er difor aktiv i målrørsla gjennom mellom anna å sitje i styret åt Studentmållaget i Bergen.

Eg mistenkjer at eg kan kome til å prøve å leike meg ein del med språket her inne, at eg på eitt og anna innlegg skriv a-infinitiv i staden for e-infinitiv, som eg nyttar klårt mest. Dessutan kjem eg nok til å kunne leggje ut nokre sære dikt eg sjølv har prøvd meg på, men eg vil nok òg kome til å skrive litt om kva eg driv på med i kvardagen, so no skal eg berre kome i gang!

Håkon Remøy

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s